Flims-raset
Flims-raset skjedde for om lag 10 000 år sidan og er kjend som det største steinraset i Alpane, og det største i heile verda som framleis er synleg. Det flytta om lag 12 km³ med stein, om lag 300 gonger meir enn det historiske Goldau-raset i Sveits. Byen Flims ligg nær ved der glideflata forsvinn under raset. Rhinen kryssar restane av raset i ei kløft kalla Ruinaulta.
Det er mellom anna laga ei utsynsplattform for at turistar skal kunne få godt utsyn over rasområdet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Flims Rockslide» frå Wikipedia på engelsk, den 5. november 2011.