Flims-raset

(Omdirigert frå Flimsraset)

Flims-raset skjedde for om lag 10 000 år sidan og er kjend som det største steinraset i Alpane, og det største i heile verda som framleis er synleg. Det flytta om lag 12 km³ med stein, om lag 300 gonger meir enn det historiske Goldau-raset i Sveits. Byen Flims ligg nær ved der glideflata forsvinn under raset. Rhinen kryssar restane av raset i ei kløft kalla Ruinaulta.

Rhinen grev seg gjennom restane etter Flims-raset
Utsynsplattform ved Conn nær Flims

Det er mellom anna laga ei utsynsplattform for at turistar skal kunne få godt utsyn over rasområdet.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre