Ein flysimulator er eit system som prøver å simulere, eller etterlikne forholda om bord eit fly på ein mest mogleg realistisk måte. Flysimulatorar kan vere enkle dataspel som vert nytta til underhaldningsføremål, eller det kan vere avanserte hydrauliske innretningar som liknar ein fullskala cocpit med instrument, manøvrerings- og kommunikasjonsutstyr og liknande. Slike avanserte system vert til dømes nytta av flyselskap for å trene pilotar i ulike naudsituasjonar.

Pilotar som trenar i ein flysimulator.