FolkOrg

FolkOrg er ein norsk organisasjon for folkemusikk og folkedans. FolkOrg vart stifta laurdag 21. november 2009, som ein samanslutning av Landslaget for Spelemenn (LfS, stifta 1923) og Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD, stifta 1987). FolkOrg er ein landsomfattande, livssynsnøytral og partipolitisk uavhengig interesseorganisasjon med ope medlemskap.

Organisasjonen har i dag om lag 5000 enkeltmedlemmer og 150 lokale spelemannslag. Organisasjonen har som føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrke deira rolle og vilkår i samfunnet.

Organisasjonen driv mellom anna dessa prosjekta.

  • Folkemusikk - det einaste folkemusikkbladet i landet.
  • Nettstaden www.folkemusikk.no - felles nettportal for folkemusikkfeltet i Noreg
  • Nettstaden www.folkmusic.no- engelskspråkleg nettportal om folkemusikk i Noreg
  • Landskappleiken - årleg samling og tevling i folkemusikk
  • Landsfestivalen i gammaldansmusikk - årleg samling og tevling for gammaldans i Noreg
  • Folkelarm - bransjetreff for folke- og verdsmusikk. Inkludert utdeling av Folkelarmprisen
  • Årbok for norsk folkemusikk - fagutgjeving om norsk folkemusikk
  • INTRO-folk - talentkonkurranse for unge musikarar

Styreleiar er Hilde Reitan (2019). Dagleg leiar er Linda Dyrnes (2019).[1]

KjelderEndra

  1. «Nytt», FolkOrg, henta 29. august 2019 

BakgrunnsstoffEndra