Folkebladet (1880–1921)
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Folkebladet.
Folkebladet (1880–1921) var eit illustrert blad starta av bokhandlar Albert Cammermeyer i 1880. Bladet blei seld til Jacob Breda Bull i 1883, som rusta det opp i 1887 og styrte bladet fram til 1891. I 1891–97 var Hartvig Lassen redaktør. Etter at fleire hadde hatt hand om drifta, stogga bladet i 1921.

Folkebladet kom ut annakvar veke. Det blei lansert som eit «underholdningsblad for by og bygd» og inneheldt folkeleg opplysingsstoff, som «gode Billeder af norsk Natur og Portrætter med Biografier af kendte Nordmænd.»[1]
Kjelder
endre«Folkebladet – illustrert ukeblad» i Store norske leksikon, snl.no.
- Fotnotar
Denne medieartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |