Follobanen
Follobanen er ei 22 kilometer dobbeltspora, elektrifisert jernbane for høgfartstog mellom Oslo sentralstasjon og Ski stasjon på Østfoldbanen, der banen vert tilkopla Østfoldbanen. Byggjearbeidet tok til i juni 2015 og banen vart opna i desember 2022, men stengt att på grunn av ein teknisk feil.
Follobanen | |
Info | |
---|---|
Type | Jernbane |
System | Dobbeltspora elektrifisert bane |
Status | under bygging |
Utgangsstasjon | Oslo sentralstasjon |
Endestasjon | Ski stasjon |
Tal på stasjonar | 2 |
Drift | |
Opna | 2022 |
Eigar | Bane Nor |
Type trafikk | Passasjerar og gods |
Teknisk | |
Lengde | 22 km |
Lengde dobbeltspor | 22 km |
Tunnelar | 1 |
Follobanen, som har namn etter distriktet Follo, kjem i tillegg til den sterkt trafikkerte Østfoldbanen på strekninga Oslo-Ski og er den siste strekninga inn til Oslo sentralstasjon som får fire spor. Dette vil auke kapasiteten og regulariteten på strekninga monaleg. Banen er lagt i tunnel, Blixtunnelen, på så godt som heile strekninga, utan stasjonar. Det er bygd atskilde tunnelløp for kvart av dei to spora, i motsetnad til det som har vore vanleg her i landet til no.