Fontenay-le-Comte


Fontenay-le-Comte er ein by og kommune vest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Vendée i regionen Pays de la Loire og har om lag 15 000 innbyggjarar.

Fontenay-le-Comte
Byvåpenet til Fontenay-le-Comte
Byvåpenet til Fontenay-le-Comte
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Pays de la Loire
Vendée
Geografi
Flatevidd 34,05 km²
Flatevidd
 - By

34,05 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

13 792
  405/km²
Koordinatar 46°28′N 00°48′W / 46.467°N 0.800°W / 46.467; -0.800
Høgd over havet 24 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 85200
Heimeside: www.ville-fontenaylecomte.fr
Plassering

Byen ligg ved elva Vendée, som renn gjennom byen.

Historie

endre

Fontenay oppstod i tida då Gallia eksisterte. Endinga «le Comte» skal ha vorte lagt til då byen vart teke av Kong Louis IX frå familien Lusignan og gjeve til bror hans Alphonse, greve av Poitou, som gjorde byen til hovudstad i Bas-Poitou. Etter traktaten i Brétigny i 1360 vart byen og området gjeve til England, men vart tatt tilbake i 1372 av Duguesclin. Han vart fleire gonger erobra under Hugenottkrigen1500-talet og byen vart lagt ned i 1621. Under opprøret i Vendée i 1793 vart han okkupert av både republikanarar og rojalistar. Frå 1790 til 1806 var han hovudstad i departementet Vendée.