For Better Days AS (fBD) var eit norsk energiselskap som vart lansert 20. oktober 2011. Eigaren av Fbd var Nordmøre Energiverk AS. Tidlegare heitte selskapet Skandiakraft AS, og vart skipa 24. august 2008. Drifta av selskapet vart avvikla 1. juni 2015 og kundane overførte til Fjordkraft.[1]

For Better Days var eit miljøenergiselskap som tilbaud straumavtale med opphavsgaranti, ein avtale som garanterte at det vart produsert like mykje fornybar energi som det husstanden eller bedrifta brukar. Selskapet tilbaud også kundane ein energimålar som overvaker husstandens eller bedrifta sitt straumforbruk.

Kjelder endre

  1. «For Better Days», Fjordkraft (på norsk bokmål), henta 1. november 2021 

Bakgrunnsstoff endre