Forboden overgang

Ein forboden overgang er ein overgang mellom to tilstandar i eit kvantemekanisk system, som eit molekyl, eit atom eller ein atomkjerne, som ikkje er i samsvar med første ordens utrekningar. I formell fysikk tyder dette at prosessen ikkje kan skje via den mest effektive (elektrisk dipol) ruta. Sjølv om overgangen formelt sett er «forboden», er det eit lite sannsyn for at dei kan skje spontant, om eit atom eller eit molekyl hamnar i ein anslått tilstand. Meir presist kan ein sei at det er eit visst sannsyn for at eit anslått atom vil gjere ein forboden overgang til eit lågare energinivå per tidseining. Per definisjon er dette sannsynet mykje lågare enn at det vil gjere ein «lovleg» overgang. Derfor vil ein overgang frå eit høgare energinivå til eit lågare nesten alltid skje via ein lovleg overgang (eller t.d. via kollisjonar) enn at det skjer via ein forboden overgang.

KjelderEndra