Foreldreaksjonen mot samnorsk

Foreldreaksjonen mot samnorsk vart organisert av Riksmålsforbundet i 1951 for å motarbeide politikken med språkleg tilnærming for eit samnorsk skriftspråk. Aksjonen organiserte ein retteaksjon; foreldra vart oppmoda om å «rette» radikale skrivemåtar i lærebøkene. Aksjonen samla inn nesten ein halv million underskrifter mot samnorsk.

Foreldreaksjonen var eit av dei mest effektive tiltaka riksmålsforbundet organiserte i kampen mot språkleg tilnærming mellom bokmål og nynorsk, og kan ha vore ein medverkande årsak til at myndigheitene etter kvart gav opp samnorskpolitikken.

I tida 1953 til 1985 gav Foreldreaksjonen ut avisa Frisprog, som kom ut to gonger i månaden. Dei første redaktørane var Margrethe Aamot Øverland og Sofie Helene Wigert, og seinare vart avisa redigert av Arne Bonde, André Savik og Stig Michaelsen.

Litteratur

endre
  • Hanssen, Jan E. (red.): Frisprog - mer enn ord, Oslo, 2004
  • Hva vil Foreldreaksjonen mot samnorsk?, utgitt av Foreldreaksjonen mot samnorsk, Oslo, 1952