Forretningsministerium

Eit forretningsministerium er ei regjering som sit mellombels eller inntil vidare, og som gjerne har levert inn ein søknad om få gå av. Dette kan vere fordi regjeringa har lide eit valnederlag, eller har fått eit mistillitsforslag mot seg i nasjonalforsamlinga. Det kan også vere ei regjering av embetsmenn som blir utnemnd for å stå for styringa av landet i ein situasjon der politikarane i nasjonalforsamlinga ikkje klarer å bli samde om ei ny regjering.

Eit forretningsministerium tar seg av alle løpande handlingar som er naudsynte for styringa av landet, til ei ny regjering kan bli utnemnd. Eit forretingsministerium er vanlegvis svært varsam med å gjere kontroversielle handlingar, sjølv om det formelt ikkje er noko i vegen for dette.

Normalt sit eit forretningsministerium berre i nokre dagar eller eit par veker til ei ny regjering er danna og kan ta sete. Det finst likevel eksempel på langvarige forretningsministerium, til dømes var den belgiske statsminister Guy Verhofstadt leiar for eit forretningsministerium i 9 månader frå juni 2007 til mars 2008, fordi Yves Leterme si regjeringsdanning trekte ut i tid.

Kjelder endre