Forteikn i matematikk

Forteikn i matematikk seier om eit tal er positivt eller negativt. Teikna +, pluss, og −, minus, som seier om ein storleik høvesvis skal adderast eller leggast til, eller subtraherast eller trekkast frå, vert òg nytta til å seie om eit tal er positivt eller negativt.

Pluss- og minusteikna vert nytta til å syne forteiknet til eit tal.

Når ein til dømes skal trekke ut kvadratrota av eit tal a, kan rota vere anten positiv eller negativ, og ein skriv løysinga som ±√a. Resultatet er først eintydig avgjort når forteiknet vert gjeve.

Alt i babylonsk og egyptisk matematikk finn ein symbol som svarar til dagens forteikn. Dei moderne teikna kom første gong på trykk hos Johannes Widmann i 1489. Dobbeltteiknet ± vart først nytta av Albert Girard (1626).

Kjelder endre