Fotballaget Fart
Fotballaget Fart er eit idrettslag heimehøyrande i Vang i Hamar kommune. Laget vart stifta i 1934 og har bak seg nokre få sesongar i toppserien i fotball for kvinner. Fart-laga spelar i raude trøyer og strømper, samt kvite bukser. Heimebana Fartbana ligg på Slemsrud i Vangsåsen.
Fotballaget Fart | |||
Skipa | 28. august 1934 | ||
---|---|---|---|
Kallenamn | Fart | ||
Heimebane | Fartbana | ||
Kapasitet | Ukjent | ||
Liga | 1. divisjon fotball for kvinner | ||
Land | Noreg | ||
By | Vang kommune | ||
Stad | Hamar kommune | ||
Dagleg leiar | Mette Thorslund | ||
|
Fart sitt kvinnelag deltok i toppserien 2009, 2012 og 2019. Alle sesongane enda med nedrykk, etter høvesvis 1, 0 og 2 poeng. Den einaste sigeren kom mot Stabæk IF 3. august 2019 i det som var Fart sin 55. kamp i toppserien.
Thorstein Helstad var aktiv for Fart i 1993-94, medan jamaldra Kristin Bekkevold spelte fem sesongar for Fart i 1990-åra.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fotballaget Fart» frå Wikipedia på bokmål, den 11. mai 2024.