Fotballklubben Donn

Fotballklubben Donn er eit idrettslag heimehøyrande i bydelen Lund i Kristiansand. Laget, som vart stifta 24. juni 1909, er ein rein fotballklubb med rundt 500 medlemer og lag på alle aldersnivå og for begge kjønn.

FK Donn er mest kjend for kvinnelaget som har spelt i toppserien i 1993-95 og 2010. I 1990-åra hadde laget to landslagsspelar; Trine Tangeraas og Tone Gunn Frustøl.

Menn endre

Herrelaget spelar i 3. divisjon avdeling 3 (2020). Laget for menn har veksla mykje mellom å spele på nivå tre og fire i det nasjonale seriesystemet.

Kjelder endre

heimeside