Fotballklubben Fauske/Sprint er eit idrettslag heimehøyrande i Fauske i Nordland. Laget er ein rein fotballklubb, stifta 25. april 1937. Heimebana til klubben er Fauske stadion, eit anlegg med plastdekke, såkalla kunstgras. Laga til Fauske/Sprint spelar i heilblå drakter.

Fauske/Sprint har dei siste tiåra vanlegvis delteke på nivå fire i seriesystemet, med enkelte visittar på nivå tre.

Kjelder endre