Fotballklubben Voss

Fotballklubben Voss er eit idrettslag, stifta i 1921, heimehøyrande på Voss i Vestland. Laget er som namnet seier ein rein fotballklubb, med i kring 600 medlemer og aktive avdelingar for begge kjønn. FK Voss spelar i raude trøyer og kvite bukser.

FK Voss nådde høgst i seriesystemet sesongane 1975-77, då laget deltok i 3. divisjon Hordaland. Dei seinare åra har mannslaget spelte på nivå fem eller seks i det norske seriesystemet. Kvinnelaget til FK Voss spelte gjennom fleire sesonga sist i 1990-åra på nivå to i seriefotballen, i 1999 vann dei avdelinga si, men lukkast ikkje å kvalifsere seg til toppserien. Voss-kvinnene deltok i 2018 på nivå tre i serien.

Kjelder endre