Fouad Siniora

libanesisk politikar

Fouad Siniora (fødd 14. april 1943 i Sayda) er ein libanesisk politikar som var statsminister i Libanon frå 19. juli 2005 til 9. november 2009. Han er sunni-muslim, slik statsministeren må vera etter maktfordelingsordninga i den libanesiske grunnlova.

Fouad Siniora

Føddفؤاد السنيوره
14. april 1943 (81 år)
Sidon
Statsborgar avLibanon
Yrkepolitikar
InstitusjonarAmerican University of Beirut
Utdanna vedAmerican University of Beirut
VervStatsminister i Libanon 2005-2009
FøregangarNajib Mikati
EtterfylgjarSaad Hariri
Alle verv
  • Minister of Finance (2000–2004)
  • Libanons statsminister (2005–2009)
  • Libanons president (2007–2008) Sjå dette på Wikidata

Siniora var ein ven av den avdøde statsministeren Rafik Hariri i over 45 år. Han studerte finansfag ved det amerikanske universitetet i Beirut. På 1970-talet jobba han for Citibank og forelas på det gamle universitetet sitt, før han fekk jobb i Sentralbanken. I 1982 vart han tilsett av Hariri og hadde diverse stillingar i hans forretningsimperium. Etter at borgarkrigen i Libanon tok slutt i 1990 har han vore finansminister i fleire, frå 1992 til 1998 og igjen frå 2000 til 2004. Etter at den anti-syriske opposisjonen vann parlamentsvala i mai og juni 2005 vart Siniora spurd av president Lahoud om å danna regjering. Han gjekk då av frå formannskapet i Group Méditerranée, ei bankfgruppering kontrollert av Hariri-familien. Etter vanskelege tingingar med presidenten og ymse politiske krefter danna Siniora regjering 19. juli 2005. Det var den første regjeringa som vart danna etter den syriske tilbaketrekkinga frå Libanon, og den første som inkluderer medlemer av Hezbollah.

Fouad Siniora har sterke band til den internasjonale finansverda. Han vert rekna som ein forkjempar for frihandel. Han var hovudarkitekten bak Paris II-konferansen i november 2002, der det vart løyva 2,6 milliardar USD til Libanon. Etter at Hariri måtte gå av som statsminister i 1998 vart Siniora skulda for korrupsjon, i samband med ein konflikt mellom Hariri og president Emile Lahoud. Siniora vart frikjend for alle skuldingar av parlamentet i 2003. Med omsyn til Hezbollah har Siniora sagt at «regjeringa ser motstanden om eit naturleg og ærleg uttrykk for det libanesiske folket sin nasjonale rettar til å frigjera landet sitt og forsvara æra si mot israelsk aggresjon og trugsmål.» Regjeringa hans omfattar representantar frå alle dei større politiske rørslene i Libanon, med unntak av general Michel Aoun si Frie Patriotiske Rørsle.

Han er gift og har tre born.

Bakgrunnsstoff endre