Foveola er namnet på den inste delen av fovea, ein del av den gule flekken i netthinna hjå menneske. Den er om lag 0,35 mm i diameter og inneheld for det jamne tappar, i tillegg til ei mindre sone med Müller-gliaceller.[1] Tappane i dette området plar vere lengre, smalare og meir tettpakka enn andre stader i netthinna, og er dimed den delen av auga som har høgst synsskarpleik.

Ordet 'foveola' kjem av latin og tyder «lita grop». Det er eit minskingsord av 'fovea', som tyder «grop».

Kjelder endre

  1. Gass, JD (Juni 1999). «Müller cell cone, an overlooked part of the anatomy of the fovea centralis: hypotheses concerning its role in the pathogenesis of macular hole and foveomacualr retinoschisis.». Archives of ophthalmology 117 (6): 821–3.