Framfylkingen
Framfylkingen er barne- og familieorganisasjonen til arbeidarrørsla. Tidlegare var Framfylkingen knytt både til Arbeidarpartiet og LO. No er ho berre knytt til LO. Ordet «fylking» betyr samling og finn vi att i ungdomsrørsla Arbeidaranes ungdomsfylking (AUF)
Arbeidarrørsla starta Framfylkingen som eit fritidstilbod som skulle skilje seg frå dei ulike borgarlege og kristne tilboda, som til dømes speidarane. Ungane skal oppleve samarbeid og samhald framfor konkurranse. Dei ulike laga har vaksne lagleiarar. Framfylkingen er ein plass der barna kan vere med aleine, men der også foreldra gjerne kan vere med. Laga driv med alle slags fritidsaktivitetar, alt etter kva dei barna og dei vaksne vil: Song, teater, friluftsliv, handverk - og politikk. Framfylkingen har ein sterk leirkultur og songkultur. Mellom mange eigne "framsongar" er "Broderringen" hovudsongen: "Kom brødre la oss alle gå hånd i hånd, fra pol til pol. Høyt skal vårt feltrop gjalle: Gi alle brød! Gi alle sol! Hvert menneske er vår bror og venn. Gjør dagens bør hans skuldre tunge, vi springer til og deler den som framkamerater unge!"
Framfylkingen var den første barneorganisasjonen som innførte eit medlemsdemokrati der barna var inkluderte. Medlemane vel representantar til Barnas landsmøte, som vedtar kva ungane i Framfylkingen meiner i dei politiske sakene dei er opptekne av. Viktige saker har vore internasjonalt arbeid, kamp mot krig og for barns rettar.
Litteratur
endre- Paul Engstad Fram i freidig, munter skare : Framfylkingen 50 år Framfylkingens venner : Tiden , 1984