František Pospíšil
František Pospíšil (fødd 2. april 1944) er ein tsjekkisk tidlegare ishockeyspelar frå Unhošť som vart verdsmeister 1972, 1976, 1977 med Tsjekkoslovakia. Perioden 1968-77 vann han ein medalje i samtlege 12 VM- og OL-turneringar.
František Pospíšil | |
Statsborgarskap | Tsjekkoslovakia |
Fødd | 2. april 1944 (80 år) Unhošť |
Idrett | ishockey |
Tok del i | Vinter-OL 1976, Vinter-OL 1972 |
Utmerkingar | Det internasjonale ishockeyforbundets Hall of Fame, Czech Ice Hockey Hall of Fame, Nejlepší nahrávač v československé hokejové lize |
Forsvarsspelaren Pospíšil var frå 1966 til 1979 aktiv i Kladno, ein klubb som vann den tsjekkoslovakiske ishockeyserien fire år i rad, 1975-78. Han spelte fast på Tsjekkoslovakia sitt landslag i ishockey frå 1967 og dei neste ti sesongane. Høgdepunktet kom då han og lagkameratane gjekk til topps i Ishockey-VM 1972 på heimebane. Sidan var han sterkt delaktig då Tsjekkoslovakia sigra i verdsmeisterskapane 1976 og 1977. Alle tre gongane Tsjekkoslovakia vann VM-turneringa kom Pospíšil med på "All Star Team".
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «František Pospíšil» frå Wikipedia på tysk, den 14. november 2019.