Freddie Tavares
Freddie Tavares (1913–1990) var ein amerikansk musikar og oppfinnar. Han var fødd på Hawaii og er mest kjend for rolla i utforminga av Fender Stratocaster-gitaren og andre Fender-instrument og forsterkingar (inkludert den klassiske Bassman-forsterkaren). Han var òg ein virtuos på på steelgitar og spelte på mange hundre innspelingar, radiosendingar og filmmusikk. Steelgitaren i byrjinga av alle Looney Tunes-kortfilmar frå Warner Bros. vart spelt inn av Tavares. Han har spelt med artistar som Bing Crosby, Elvis Presley, Dean Martin, The Sons of the Pioneers, «Tennessee» Ernie Ford, Spike Jones and His City Slickers, Lawrence Welk og Henry Mancini.
Freddie Tavares | |||
Fødd | 18. februar 1913 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Maui | ||
Død | 24. juli 1990 (77 år) | ||
Opphav | USA | ||
Instrument | gitar | ||
Verka som | musikar, gitarist, designar |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Freddie Tavares» frå Wikipedia på engelsk, den 4. november 2016.