Freden i Teusina
Freden i Teusina vart underteikna 18. mai 1595 av kong Sigismund etter den nordiske tjuefemårskrigen.
Bakgrunn
endreTeusina var ein by i Ingermanland, nær byen Ivangorod. Byen vart hærteken på 1590-talet av svenske troppar, gjeven attende til Russland i 1595, og teken att i 1611.
Etter kong Johan III sin krig mot Russland, og etter at Kong Sigismund tok over trona til Johan i 1592, vart det i Teusina den 20. januar 1593 inngått ei toårig våpenkvileavtale mellom Sverige og Russland. Etter det laga partane ei endeleg fredsavtale i same by 18. mai 1595.
Avtala vart offisielt godkjent i Viborgskontrakten 28. februar 1609, og deretter i freden i Stolbova 27. februar 1617.
Vilkår
endre- Russland avstår frå alle krav på Estland og retten til å innkrevja skatt av samane «frå Österbotten til Varangerfjorden»
- Sverige gjev attende Kexholm slott og Kexholms län, og dessutan andre erobringar på russisk område
Kexholms län vart gjeve attende i 1597.
Dokumentet
endreAvtala vart underteikna av
- For Russland (tsar Fjodor Ivanovitj): prins Ivan Samsonovitj Turenin-Obolenskij og Ostafi Mikhailovitj Pusjkin
- For Sverige (kong Sigismund): riksråd Sten Banér, Krister Klasson Horn, Göran Boije og Arvid Eriksson Stålarm, og dessutan kong Sigismunds sekretær Niklas Rask till Melstad og Hans Krank.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Freden i Teusina» frå Wikipedia på bokmål, den 12. oktober 2019.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- Originalteksta til avtala på svensk Wikisource