Fredensborg Ski- og Ballklubb var frå 1910 til 1997 eit idrettslag frå bydelen Fredensborg i Oslo, siste åra som Fredensborg/Ski og med base i Ski i Akershus.

Laget vart stifta som Ørn, skifta i 1915 til Kristiania-Kameratene og 1925 til Fredensborg Ski- og Ballklubb. Fredensborg SB hadde grupper med bandy, fotball, handball og ski, men var frå 1950-åra ein rein handballklubb. I 1980 slo laget seg saman med handballgruppa i Ski Idrettslag og danna Fredensborg/Ski. Laget spelte sidan heimekampane i Ski.

Fredensborg SB vart norsk meister i handball for karer fire gangar innandørs: 1959, 1962, 1965 og 1966. Utandørs vann laget NM-cupen heile åtte gongar: 1959, 1960, 1961, 1965, 1966, 1970, 1972 og 1974. Fredensborg vart seriemester tre sesongar: 1965/66, 1966/67 og 1974/75. Inge Hansen og Jon Reinertsen var Fredensborg-spelarar i mange år.

Kjelder

endre