Fredrik Stang Lund

Fredrik Stang Lund (17. november 185913. juni 1922) var ein norsk jurist frå Kristiania, statsråd 1895-98. Han var dotterson til statsminister Frederik Stang.

Fredrik Stang Lund

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. november 1859
Død

13. juni 1922 (62 år)

Yrke politikar, advokat, dommar
Politisk parti Venstre
Fredrik Stang Lund på Commons

Lund var son til ein prest. Han vart utdanna cand.jur. frå universitet i 1881 og fekk offentleg stipend til å studere vidare i Berlin og München. Han var høgsterettsadvokat frå 1885.

Lund var i fleire år medlem i Kristiania bystyre, og vart ordførar i kommunen i 1895. Då Francis Hagerup danna si fyrste regjering i oktober 1895, vart Lund utnemnd til sjef for Revisjonsdepartementet. Etter å ha gjort teneste ved den norske statsrådsavdelinga i Stockholm i 1896/97, var han sjef for Arbeidsdepartementet til regjeringa gjekk av i februar 1898. Både før og særleg etter han var statsråd vart Lund ofte med i komitear og kommisjonar oppretta av det offentlege.

I 1908 var Lund mellom stiftarane av Den norske Saksførerforening, og var formann i foreininga frå 1916 til han døydde.

Kjelder

endre