Fridomsklokka i Philadelphia

Fridomsklokka (engelsk Liberty Bell) er namnet på ei klokke i sentrum av Philadelphia i USA, som det skal ha vorte ringt med då den amerikanske sjølvstendefråsegna vart forkynt (om denne historia er sann er ikkje sikkert, men den spelar ei stor rolle i historieundervisinga i amerikanske skular). Den vart støypt i 1752 i London av White Chapel Bell Foundry og sidan hang ho i det såkalte State House, tidlegare sete for koloniregjeringa i Pennsylvania (no kjent som Independence Hall). Klokka er i Liberty Bell Center.

Liberty Bell

Ein særegenhet ved klokka er ripen, som gjev ein heilt spesiell klang. Korleis denne ripen er oppstådd er ikkje kjend, men det skjedde mellom 1817 og 1846.

John Philip Sousa oppkalla sit kjende musikkverk Liberty Bell etter denne klokka.

Klokka synt fram første gang

Klokka var inspirasjon for Fridomsklokka i Berlin, gjeve som gåve av amerikanarar til Berlins folkesetnad som symbol på kampen mot kommunismen i Europa.

Bakgrunnsstoff endre

  • Liberty Bell, John Philip Sousa's marsj, spelt av Presidentens band [1]