Frigg Oslo Fotballklubb er ein fotballklubbMajorstua i Oslo. Idrettslaget vart stifta i 1904. Klubben har bandy og fotball på programmet, og spelar heimekampane sine på Bislett stadion.

Fotball endre

Laget spelar i 3. divisjon avdeling 4 (2020).

Klubben vann noregsmeisterskapen i fotball i 1914, 1916 og 1921. Klubben hadde òg ei glanstid på 1960-talet, då laget spela i Hovedserien. Frigg kom til cupfinalen i 1965, der det vart tap mot Skeid etter omkamp. I sesongen 2005 rykte laget ned til 3. divisjon.

Klubben sin trenar frå 2001 til i dag er den tidlegare Vålerengaspelaren Viggo Strømme. Dagleg leiar er Tor Røste Fossen, som tidlegare har vore trenar for det norske landslaget og Rosenborg BK.

Bakgrunnsstoff endre