Fritz Richmond
John B. «Fritz» Richmond (10. juli 1939–20. november 2005) var ein amerikansk musikar og lydteknikar. Richmond var kjend for å spele vaskebaljebass og krukke.
Fritz Richmond | |||
Fødd | 10. juli 1939 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Newton i Massachusetts i USA | ||
Død | 20. november 2005 (66 år) | ||
Dødsstad | Portland i Oregon i USA | ||
Fødenamn | John B. Richmond | ||
Opphav | USA | ||
Instrument | Vaksebaljebass, krukke | ||
Verka som | Musikar, lydteknikar |
På desse uvanlege instrumenta spelte Richmond med artistar som Jackson Browne («Walking Slow»), Loudon Wainwright III, Maria Muldaur, Geoff Muldaur, Tom Rush, Ry Cooder, Norman Greenbaum og The Grateful Dead.
Richmond arbeidde òg som lydteknikar for mange artistar, hovudsakleg på Elektra Records for artistar som The Doors,[1], Warren Zevon, Bonnie Raitt og Jackson Browne.
Richmond var òg ein viktig person i moten til motkulturen i California i 1960-åra. Både Roger McGuinn og John Sebastian har gjeve Richmond æra for å ha introdusert «bestemorbrillene» tidleg i 1960-åra.[2] Richmond skal òg ha kome opp med namnet for bandet The Lovin' Spoonful.[3][4]
Richmond døydde i Portland i Oregon av lungekreft den 20. november 2005.[5]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fritz Richmond» frå Wikipedia på engelsk, den 20. september 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Muldaur, Geoff (Jan–Feb 2006). «John B. «Fritz» Richmond 1939 - 2005». No Depression (61). Arkivert frå originalen 30. januar 2013. Henta 13. august 2012.
- ↑ Engel, J. T. (April–May 2002). «Wasn't That A Time: The Story of Jug Band Music and Fritz Richmond». Blues Notes. Arkivert frå originalen 20. september 2020.
- ↑ «John Sebastian Biography (page 2)». John B. Sebastian web site. Arkivert frå originalen 14. desember 2004.
- ↑ Associated Press (23. november 2005). «Jug band great Fritz Richmond dies at 66». All About Jazz. Arkivert frå originalen 16. februar 2006.
- ↑ «Fritz Richmond, 66, a Master of the Jug and Washtub Bass, Is Dead». The New York Times. 24 Nov 2005.