Frontiers av Journey

Frontiers
Studioalbum av Journey
Utgjeve 1. februar 1983
Innspelt Hausten 1982
Studio Fantasy Studios i Berkeley i California
Sjanger Rock
Lengd 44:09
Selskap Columbia
Produsent Mike Stone, Kevin Elson
Journey-kronologi
Escape
(1981)
Frontiers Raised on Radio
(1986)


Singlar frå Frontiers
  1. «Separate Ways (Worlds Apart)»
    Utgjeve: 5. januar 1983
  2. «Faithfully»
    Utgjeve: 16. april 1983 (USA, Australia)
  3. «Faithfully»
    Utgjeve: April 1983 (Europa)
  4. «After the Fall»
    Utgjeve: Juli 1983 (Nord-Amerika)
  5. «After the Fall»
    Utgjeve: July 1983 (Storbritannia)

Frontiers er det åttande studioalbumet av det amerikanske rockebandet Journey, gjeve ut i februar 1983 på Columbia Records. Dette var det siste albumet deira med bassisten Ross Valory før Trial by Fire i 1996.

Albumet nådde andreplassen på den amerikanske Billboard 200-lista[1] og inneheldt fire topp 40-singlar: «After the Fall» (nr. 23), «Send Her My Love» (nr. 23), «Faithfully» (nr. 12) og «Separate Ways (Worlds Apart)» (nr. 8),[2] og ein rockeradiohit i «Chain Reaction». Albumet oppnådde sidan seks gonger platinaplate i USA.[3]

Etter ein diskusjon med representanten til Journey for plateselskapet, Michael Dillbeck, vart to songar som var meint for albumet fjerna frå den endelege utgåva, «Ask the Lonely» og «Only the Young». Desse to spora vart erstatta av «Back Talk» og «Troubled Child». «Ask the Lonely» vart så nytta i filmen Two of a Kind. «Only the Young» klatra inn på topp 10 på singellista to år seinare då han var med i filmen Vision Quest.[4]

Bandet spelte inn ein song kalla «All That Really Matters» med klaverspelaren Jonathan Cain på solovokal. Denne kom først ut i 1992 i plateboksen «Time3».

Frontiers vart det bestseljande albumet deira i Storbritannia, og han nådde sjetteplassen på UK Albums Chart i 1983.[5]

MottakingEndra

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [6]
Rolling Stone     [7]
The Village VoiceD+[8]

I 2005 vart Frontiers rangert på 363. plassen i magasinet Rock Hard si bok kalla The 500 Greatest Rock & Metal Albums of All Time.[9]

InnhaldEndra

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Separate Ways (Worlds Apart)»Steve Perry, Jonathan Cain5:23
2.«Send Her My Love»Perry, Cain3:55
3.«Chain Reaction»Perry, Neal Schon, Cain4:21
4.«After the Fall»Perry, Cain5:01
5.«Faithfully»Cain4:27
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Edge of the Blade»Perry, Schon, Cain4:30
7.«Troubled Child»Perry, Schon, Cain4:29
8.«Back Talk»Perry, Cain, Steve Smith3:17
9.«Frontiers»Perry, Schon, Cain, Smith4:10
10.«Rubicon»Perry, Schon, Cain4:19
Bonusspor på 2006-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Only the Young» (frå filmmusikkalbumet Vision Quest)Perry, Schon, Cain4:18
12.«Ask the Lonely» (frå filmmusikkalbumet Two of a Kind)Perry, Cain3:55
13.«Liberty»Schon, Perry, Cain2:54
14.«Only Solutions» (frå filmmusikkalbumet Tron)Cain, Schon, Perry3:33

MedverkandeEndra

Bandmedlemmar
Andre musikarar
Produksjon
  • Mike Stone - produsent, lydteknikar, miksing
  • Kevin Elson - produsent, miksing
  • Wally Buck - assisterande lydteknikar
  • Bob Ludwig - mastering

SalslisterEndra

Album
År Liste Plassering
1983 Billboard 200 (USA)[1] 2
UK Albums Chart[5] 6
RPM100 Albums (Canada)[10] 10
VG-lista[11] 12
Den svenske albumlista[12] 21
Den tyske albumlista[13] 30
2006 Oricon Den japanske albumlista[14] 143

Singlar
År Title Liste Plassering
1983 «Separate Ways (Worlds Apart)» Billboard Hot 100 (USA)[2] 8
Mainstream Rock (USA)[2] 1
RPM100 Hit Tracks (Canada)[15] 11
«Faithfully» Billboard Hot 100 (USA)[2] 12
Adult Contemporary (USA)[2] 7
RPM100 Hit Tracks (Canada)[16] 36
«After the Fall» Billboard Hot 100 (USA)[2] 23
Mainstream Rock (USA)[2] 30
«Send Her My Love» Billboard Hot 100 (USA)[2] 23
Adult Contemporary (USA)[2] 27

SalstroféEndra

Land Organisasjon År Salstal
USA RIAA 1997 6x Platina (+ 6 000 000)[3]
Canada CRIA 1983 Platina (+ 100 000)[17]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Frontiers Billboard Albums». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 1. juni 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 «Frontiers Billboard Singles». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 1. juni 2020. 
  3. 3,0 3,1 RIAA Gold and Platinum Search for albums by Journey. Henta on 1. juni 2020.
  4. Journey «Time3» Box Set, page 41, 2005
  5. 5,0 5,1 «Journey Official Charts». Official Charts Company. Henta 1. juni 2020. 
  6. DeGagne, Mike. «Journey Frontiers review». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 1. juni 2020. 
  7. Considine, J. D. (14. april 1983). «Album Reviews: Journey - Frontiers». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 22. desember 2007. Henta 1. juni 2020. 
  8. Christgau, Robert (26. juli 1983). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice (New York). Henta 1. juni 2020. 
  9. [...], Rock Hard (Hrsg.). [Red.: Michael Rensen. Mitarb.: Götz Kühnemund] (2005). Best of Rock & Metal die 500 stärksten Scheiben aller Zeiten. Königswinter: Heel. s. 65. ISBN 3-89880-517-4. 
  10. «Top Albums/CDs - Volume 38, nr. 3, 19. mars 1983». Library and Archives Canada. 19. mars 1983. Henta 1. juni 2020. 
  11. «Journey - Frontiers (album)». Norwegiancharts.com. Media Control Charts. Henta 1. juni 2020. 
  12. «Journey - Frontiers (album)». Swedishcharts.com. Media Control Charts. Henta 1. juni 2020. 
  13. «Album – Journey, Frontiers». Charts.de (på tysk). Media Control Charts. Henta 1. juni 2020. 
  14. ジャーニー - クイーンズライクのアルバム売り上げランキング (på Japanese). Oricon. Henta 27. mai 2020. 
  15. «Top Singles - Volume 38, nr. 4, 26. mars 1983». Library and Archives Canada. 26. mars 1983. Henta 1. juni 2020. 
  16. «Top Singles - Volume 38, nr. 15, 11. juni 1983». Library and Archives Canada. 11. juni 1983. Henta 1. juni 2020. 
  17. «Gold Platinum Search for Journey». Music Canada. Arkivert frå originalen 2012-02-25. Henta 1. juni 2020.