Ein fuge er eit kontrapunktisk musikkstykke i minst to uavhengige stemmer. Stykket tek til ved at ei av stemmane speler eit kort tema åleine. Så tek ei annan stemme opp temaet, medan den første speler eit kontrapunktisk akkompagnement. På same vis kan fleire stemmar koma inn, ei etter ei, og fugen utviklar seg ved at alle stemmene tek opp materialet på ulikt vis.

Noter frå ei fuge i Das Musikalische Opfer av Bach.

Namnet fuge kjem frå italiensk fuga som tyder 'flukt'. Det finst variantar som fughetta (ein liten fuge) og fugato (eit fugeaktig verk som ikkje nødvendigvis følgjer alle reglane).

Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.