Fulguritt eller lynrøyr er ein uregelmessig røyrformig lekam som blir danna ved lynnedslag i kvartshaldig sand. Lengda kan vere 1 m eller meir og diameteren 5–6 cm, men er oftast mindre. Røyra oppstår ved smelting av sanden og påfølgjande størkning. Dei består av kvartsglas (lechatelieritt) med sandpartikler på yttersida.

Fulguritt

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre