Fur er ei lita øy i Limfjorden - like nord for Salling med 912 innbyggjarar (2006). Øya har eit areal 22 km², og fram til 1860 voks det ikkje skog på øya. I dag er derimot øya dekt av skog fleire stader. I sør er øya låg og frodig, medan det i nord er høgare lyngkledde åsar.

Fur
Geografi
Stad Limfjorden
Koordinatar 56°50′N 9°01′E

Areal 22 km²

Administrasjon
Land Danmark
Kommune Skive

Demografi
Folketal 912 (2006)
Folketettleik 41 /km²

Øya er lokalt kjend for førekomstane av diatomitt, i Danmark kalla «moler». Jakt på fossil er ein populær aktivitet på øya, og ein kan finne fossil i moler som er meir enn 55 millionar år gamle.

Bakgrunnsstoff endre