Fylkesveg 303 i Troms

Sjå òg fylkesveg 303 (fleirtyding).

Fylkesveg 303 i Troms går mellom Fv302 ved Dåfjordvatnet og bygda Dåfjord på Ringvassøya i Karlsøy kommune. Vegen er 4,3 km lang.

Dåfjordvatnet ligg på 208 moh., og herfrå går vegen i ein samanhengande nedoverbakke langs ei skogkledd li ned til bygda, som ligg inst i botnen av Dåfjorden. Herfrå går ein kommunal veg nordover langsmed austsida av fjorden til garden Langstrand, mens Fv303 snur i motsett retning og held fram rundt 1 kilometer vestover langs fjordbotnen. Vegen held fram herfrå som kommunal veg utover langs vestsida av Dåfjorden til garden Steinnes.

Kommunar og knutepunkt endre

  Karlsøy

  • Fv302 Dåfjordvatnet
  • Kommunal veg frå Dåfjord til Langstrand (4 km), langs austsida av Dåfjorden.
  • Kommunal veg frå Dåfjord til Steinnes (9,5 km), langs vestsida av Dåfjorden.

Bakgrunnsstoff endre