Fylkesveg 5625
Fylkesveg 5625 i Vestland fylke går mellom Aurlandsvangen og Skjerdal i Aurland kommune. Vegen er 6,3 km lang, og tek av frå Fv5627 (Snøvegen/Aurlandsvegen) på Aurlandsvangen og går nede ved fjorden nordover til han fyrst går i ei relativt lang brekke oppover lia før han går i nokre hårnålsvingar opp til garden Skjerdal.
Fram til 2019 hadde vegen nemninga Fylkesveg 242 i Sogn og Fjordane.[1]
Kommunar og knutepunkt
endreSkjerdalsvegen
- Fv5627 Aurlandsvangen
- Endepunkt Skjerdal
Kjelder
endre- ↑ «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022.