Gørrelva
Gørrelva er ei elv på Lierfoss i Aurskog-Høland kommune. Gørrelva renn frå Dyrrudtjernet og ned til Lierelva som er ein del av hovudvasstrengen av Haldenvassdraget.
Der Gørrelva passerer Fv237 er elva lagt i to store og karakteristiske kulvertrøyr, den såkalla Høgbrua. Det går mykje stor gjedde i Gørrelva om våren når gjedda frå Bjørkelangensjøen og Lierelva skal gyte i Dyrrudtjernet.