Gaston de Gerlache
(Omdirigert frå G. de Gerlache)
Gaston de Gerlache de Gomery (fødd 17. november 1919 i Brussel, død 13. juli 2006 i Oudenaarde) var ein belgisk baron og polarutforskar.
Gaston de Gerlache | |||
| |||
Fødd | 17. november 1919 Brussel | ||
---|---|---|---|
Død | 13. juli 2006 Oudenaarde | ||
Nasjonalitet | Belgia | ||
Yrke | oppdagar, flygar | ||
Alma mater | Q3151804 | ||
Ektefelle | Anne-Marie van Oost | ||
Barn | Hélène de Gerlache de Gomery |
Gaston de Gerlache var son av Adrien de Gerlache og følgde i spora til faren og leia den andre belgiske ekspedisjonen til Antarktis i 1957-1958, 60 år etter faren først leia den første med skipet «Belgica».
Under den andre ekspedisjonen vart Kong Baudouin-basen oppretta.
I 1960 publiserte Gaston de Gerlache reisejournalen Retour dans l'antarctique. Eit år seinare laga han ein dokumentar om ekspedisjonen kalla Plein sud.
Det 2400 meter høge Mont Gaston de Gerlache er kalla opp etter Gerlache.