GN-z11
GN-z11 er ein galakse med høg raudforskuving som finst i stjernebiletet Ursa Major (Den store bjørnen). GN-z11 var fram til 2022 rekna som den fjernaste kjende galaksen frå jordkloten som nokon gang er oppdaga.[1][2]
Namn
endreNamnet er avleia frå plasseringa galaksen har i GOODS-North-feltet av galaksar og hans høge kosmologiske raudforskuvingstal (GN + z11).[3]
Oppdaginga
endreOppdaginga hende av romteleskopet Hubble i 2015. Forskarteamet nytta Hubble sitt Wide Field Camera 3 for å måla avstanden til GN-z11 spektroskopisk, og målte raudforskuvinga forårsaka av ekspansjonen til universet jamfør Big Bang.[4] Nyhendet vart publisert i ein artikkel i 2016 leia av Pascal Oesch og Gabriel Brammer. Fram til oppdaginga av HD1 i 2022, var GN-z11 den eldste og fjernaste kjende galaksen var identifisert i det observerbare universet.[5][6] Galaksen hadde ei spektroskopisk raudforskuving på z = 11,1.[3][7] Galaksen var observert, og teke bilete av, slik han eksisterte for 13,4 milliardar år sidan, berre 400 millionar år etter Big Bang.[3][8][9][10][11][12]
GN-z11 er omtrent 1⁄25 av storleiken til mjølkevegen, og er vidare berre 1% av massen. GN-z11 lagar nye stjerner tjue gangar snøggare enn mjølkevegen.[4]
Kjelder
endre- ↑ Gohd, Chelsea (21. desember 2020). «Scientists think they've spotted the farthest galaxy in the universe». Space.com. Henta 10. november 2022.
- ↑ O'Neill, Mariclaire; Whitehead, Nadia (7. april 2022). «Scientists Have Spotted the Farthest Galaxy Ever». Center for Astrophysics. Henta 10. november 2022.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «Hubble Team Breaks Cosmic Distance Record». NASA. 3. mars 2016. Henta 10. mars 2016.
- ↑ 4,0 4,1 Shelton, Jim (3. mars 2016). «Shattering the cosmic distance record, once again». Yale University. Henta 4. mars 2016.
- ↑ Klotz, Irene (3 March 2016). «Hubble Spies Most Distant, Oldest Galaxy Ever». Seeker (Discovery, Inc.). Henta 5 February 2020.
- ↑ «Scientists Have Spotted the Farthest Galaxy Ever | Center for Astrophysics», www.cfa.harvard.edu, henta 10. januar 2023
- ↑ «A New Record for the Farthest Galaxy Known | Center for Astrophysics», www.cfa.harvard.edu, henta 10. januar 2023
- ↑ Oesch, P. A.; Brammer, G.; van Dokkum, P.; et al. (Mars 2016). «A Remarkably Luminous Galaxy at z=11.1 Measured with Hubble Space Telescope Grism Spectroscopy». The Astrophysical Journal 819 (2). 129. Bibcode:2016ApJ...819..129O. arXiv:1603.00461. doi:10.3847/0004-637X/819/2/129.
- ↑ Amos, Jonathan (3 March 2016). «Hubble sets new cosmic distance record». BBC News. Henta 3 March 2016.
- ↑ Griffin, Andrew (4 March 2016). «Most distant object in the universe spotted by Hubble Space Telescope, shattering record for the farthest known galaxy». The Independent. Henta 17 December 2017.
- ↑ Borenstein, Seth (3. mars 2016). «Astronomers Spot Record Distant Galaxy From Early Cosmos». Associated Press. Arkivert frå originalen 6. mars 2016. Henta 1. mai 2016.
- ↑ «GN-z11: Astronomers push Hubble Space Telescope to limits to observe most remote galaxy ever seen». Australian Broadcasting Corporation. 3 March 2016. Henta 10 March 2016.
- Denne artikkelen bygger på «GN-z11» frå Wikipedia på engelsk, den 10. januar 2023.