Galleri F 15

(Omdirigert frå Galleri F15)

59°25′27.944″N 10°36′36.436″E / 59.42442889°N 10.61012111°E / 59.42442889; 10.61012111

Galleri F 15 på Alby gard.
Foto: Kvikk

Galleri F 15 er eit kunstgalleri på Alby gardJeløy i Moss kommune i Østfold fylke.

Det vart starta av brørne Niels og Lars Brandstrup i 1966 og vart flytta til Alby 1967. Frå 1984 vart det teke over av Moss kommune og Østfold fylkeskommune. Det vart etablert som aksjeselskap i 1993 og fekk statsstøtte som knutepunktinstitusjon frå 1995. Galleri F 15 konsentrerer seg om samtidskunst, og har ei stor internasjonal kontaktflate, særleg mot dei nordiske landa. Galleriet har også vigd stor plass til kunsthandverket. Utstillinga «Tendenser» er frå 1971 arrangert årleg.

Kjelder

endre

«Galleri_F_15» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

endre