Gallia Cisalpina
Gallia Cisalpīna – latin Gallia på denne sida av Alpane, hitanfor Alpane - svara i romersk tid til Nord-Italia, landet kring elva Po, som i gamal tid var busett av keltarar. Motsett svara Gallia trānsalpīna - Gallia på hi sida av Alpane - til landet mellom Pyreneane, Alpane og Rin.
Mellom 224 fvt og 220 fvt vart landsluten hærteken av romarane. I 218 fvt hærtok kartagaren Hannibal området saman med keltiske leigesoldatar og samband, før han trengde fram mot Roma. Mellom 198 fvt og 191 fvt vann romarane området att, etter at dei keltiske folkeslaga insubres og boii var slegne.
Nokre stader fekk ikkje romersk borgarrett før 49 fvt. I 42 fvt var heile området ein lut av Italia.