Game over

(Omdirigert frå Game Over)

Game over (engelsk for «spelet over/slutt») er ei melding i mange dataspel som signaliserer til spelaren at spelet er avslutta. Meldinga er oftast motteken i negativ tyding i situasjonar der spelaren ikkje kan halde fram i spelet, som når ein har gått tom for liv eller ikkje greidd eit viktig delmål. «Game Over» kan òg nokre gonger symbolisere at spelaren har lukkast og greidd spelet.

Døme på «Game over»-skjerm

I overført tyding kan «game over» uttrykke at eit slag er tapt.

Kjelder endre