Gammelstaden
Gammelstaden (finsk: Vanhakaupunki) er ein bydel i Helsingfors. Gammelstaden er òg namnet på eit av Helsingfors administrative distrikt.
Gustav Vasa grunnla Helsingfors ved utløpet av Helsingeån (no Vanda å) i 1550. Tanken var at den nye byen skulle verta ein konkurrent til Reval (Tallinn) om handelen i Finskebukta. Den grunne vika viste snart seg å vera lite eigna for skipsfarten, og i 1640 vart byen flytta nokon kilometer sørover, ut mot havet. Samstundes vart gamlebyen øydelagt, og det finnast ikkje verna bygningar frå 1500- eller 1600-talet i området.
Gammelstaden har i dag lite bustadsbusetnad; innbyggjartalet ligg på noko over 200. Vassfalla i Vanda å la på 1800-talet grunnlaget for ein del industri. Noko av den gamle industriarkitekturen er verna; ved fossen Gammelstadsforsen ligg blant anna eit kraftverk som enno produserer straum og vert drive som museum.
Gammelstadens distrikt
endreGammelstadens distrikt omfattar forutan sjølve Gammelstaden bydelane Majstad, Gumtäkt, Kottby og Forsby. Distriktet har 17 417 innbyggjarar (2004).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gammelstaden» frå Wikipedia på bokmål, den 23. september 2016.