Kaohsiung

(Omdirigert frå Gaoxiung)

Kaohsiung (gamalt namn Takow eller Takau) er ein by på det sørlege Taiwan, og den nest største byen på øya. Folketalet i byen er rundt 2,7 millionar. Kaohsiung er ein av to byar som er direkte underlagt sentralmakta på same nivå som provinsane på Taiwan. Byen er delt i 11 distrikt.

高雄
Horisonten til Kaohsiung
Horisonten til Kaohsiung
Flagget til Kaohsiung Byvåpenet til Kaohsiung
Flagget til Kaohsiung
Styresmakter
Land Republikken Kina
Borgarmeister Han Kuo-yu
Geografi
Flatevidd 2 951,8524 km²
Flatevidd
 - By

2 946,25 km²
Innbyggjarar
 - By (2010)
   - folketettleik

2 769 072
  939,9/km²
Koordinatar 22°38′N 120°16′E / 22.633°N 120.267°E / 22.633; 120.267
Høgd over havet 9 m
Tidssone UTC + 8 (UTC+8)
Diverse anna
Postnummer 800-813, 817-819
Telefon-retningsnummer (0)7
Heimeside: https://www.kcg.gov.tw/, https://www.kcg.gov.tw/en
Nettstad: kcg.gov.tw
Plassering
Plassering av Kaohsiung
Plassering av Kaohsiung

Kaohsiung er eit senter for industri, rafinering og transport. Ulikt Taipei er gatene breie og trafikken flyt lett. Byen lir under kraftig luftureining på grunn av tungindustrien i området. Kaohsiung er ei stor hamn, og mesteparten av olja som blir brukt på Taiwan kjem gjennom denne hamna.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.