Garvesyre
(Omdirigert frå Garvestoff)
Garvesyre, garvestoff eller tannin er ei gruppe kompliserte organiske sambindingar som finst i plantar og plantedelar.[1] Dei verner plantar og tre mot beiting og nedbryting frå sopp og bakteriar.[2]
Handelsvaren garvesyre blir vunne ut frå galleple og har kjemisk formel (summeformel) C76H52O46. Garvesyre er lettløyseleg i vatn og verker snerpande (astringerande). Stoffet har stor fellingsevne, blant anna for protein, og er viktig del av naturlege garvestoff.[1]
I vin bidrar garvesyre både til smak og haldbarheit og gjev eit visst snerpande preg om ho finst i større mengder, til dømes i vin som ikkje er ferdiglagra.[1]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «garvesyre». Store norske leksikon (på norsk). 27. april 2018.
- ↑ Aarnes, Halvor (15. desember 2016). «tanniner». Store norske leksikon (på norsk).