Garvesyre, garvestoff eller tannin er ei gruppe kompliserte organiske sambindingar som finst i plantar og plantedelar.[1] Dei verner plantar og tre mot beiting og nedbryting frå sopp og bakteriar.[2]

Strukturformelen til handelsvaren garvesyre
Tanninpulver

Handelsvaren garvesyre blir vunne ut frå galleple og har kjemisk formel (summeformel) C76H52O46. Garvesyre er lettløyseleg i vatn og verker snerpande (astringerande). Stoffet har stor fellingsevne, blant anna for protein, og er viktig del av naturlege garvestoff.[1]

I vin bidrar garvesyre både til smak og haldbarheit og gjev eit visst snerpande preg om ho finst i større mengder, til dømes i vin som ikkje er ferdiglagra.[1]

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «garvesyre». Store norske leksikon (på norsk). 27. april 2018. 
  2. Aarnes, Halvor (15. desember 2016). «tanniner». Store norske leksikon (på norsk).