Gary Gygax
Ernest Gary Gygax (27. juli 1938–4. mars 2008) var ein amerikansk forfattar og speledesignar som er best kjend som skaparen av det velkjende rollespelet Dungeons & Dragons. Han er blitt omtalt som «far til rollespelet».[1]
Gary Gygax | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 27. juli 1938 Chicago |
Død |
4. mars 2008 (69 år) |
Yrke | skribent, romanforfattar, forleggjar, speldesignar, forretningsdrivande, rollespillutvikler |
Sjanger | fantasy, science fiction |
Far | Ernest Gygax |
Mor | Almina Burdick Gygax |
Ektefelle | Mary Jo Powell, Gail Carpenter |
Born | Ernest Gary Gygax Jr., Elise Cousino, Heidi Gygax, Cindy To, Luke Gygax, Alexander Gygax |
Gary Gygax på Commons |
Gary Gygax skapte Dungeons & Dragons saman med Dave Arneson i 1973 og gav det ut saman med Don Kaye i 1974 gjennom selskapet Tactical Studies Rules (TSR, Inc.).
Gygax forlét seinare TSR, og produserte og publiserte rollespel på eiga hand. Han skapte til dømes Dangerous Journeys og Lejendary Adventure.[2]
Han gifta seg med Gail Carpenter 15 august 1987 som var same dag som foreldra til Gygax hadde 50-årsjubileet sitt. Han har også hatt eit tidlegare ekteskap med Mary Jo Gygax.
Kjelder
endre- ↑ Laura Parker (7. mars 2008). «Obituary: Gary Gygax». The Guardian (på engelsk).
- ↑ Ciro Alessandro Sacco. «The Ultimate Interview With Gary Gygax». keithrobinson.me (på engelsk). Henta 2. februar 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Gary Gygax» frå Wikipedia på bokmål, den 10. februar 2024.