Gasparsundet er eit sund mellom øya Belitung og den langt større øya Bangka i Indonesia. Sundet er om lag 70 kilometer langt og mellom 80 og 100 km breidt. I Gasparsundet ligg ein del småøyar. Skipsleia mellom Javahavet og Sørkinahavet går gjennom Bangkasundet, Gasparsundet og Karimatasundet.

Sundet er oppkalla etter ein spansk skipper frå Manila som segla gjennom sundet i 1724.

Kjelder endre