Opna hovudmenyen
Gateway Arch
Inne i Gateway Arch

Gateway Arch er eit monument i Saint Louis i Missouri i USA. Gateway Arch er utforma av den finsk-amerikanske arkitekten Eero Saarinen. Designet hans vart til etter ein designkonkurranse 1948.

Parken er eit monument over USA sin ekspansjon vestover og rolla Thomas Jefferson spelte i denne.

Monumentet er 192 meter høgt og 192 meter breidd ved basen og er det høgaste monumentet i USA. Fundamentet vart byrja i 1962 og sjølve byggearbeidet tok til 12. februar 1963. Monumentet vart fullført den 28. oktober 1965. Det vart innvigt den 10. juli 1967. Kostnaden for monumentet var 13 millionar dollar. Transportsystemet kosta 3,5 millionar. Monumentet veg 17 246 tonn.

Inne i monumentet finst eit spesialdesigna bergbane-liknande heissystem som ein kan ta seg opp til toppen med. På toppen er det ein utsiksplass, der ein gjennom 32 små vindauge kan sjå ut over Mississippielva, Sørlege Illinois og Saint Louis.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra