Gefrorene-Wand-Spitze

Gefrorene-Wand-Spitze er eit 3 288 meter over havet høgt fjell i Zillertalalpane, i forbundslandet Tirol i Austerrike. Fjellet, som er ein del av den såkalla Tuxerkammen, består av to toppar. Nordtoppen er den høgste med sine 3 288 moh, medan sørtoppen av fjellet når opp i 3 270 meter over havet. Dei to toppane står ikring 300 meter frå einannan.

Gefrorene-Wand-Spitze
fjell
Gefrorne-Wand-Spitze
Land  Austerrike
Fjellkjede Zillertalalpane
Høgd 3 288 moh.
Førstestiging 1867
Koordinatar 47°3′55″N 11°40′45″E / 47.06528°N 11.67917°E / 47.06528; 11.67917
Kart
Gefrorene-Wand-Spitze
47°03′55″N 11°40′45″E / 47.065277777778°N 11.679166666667°E / 47.065277777778; 11.679166666667
Wikimedia Commons: Gefrorene-Wand-Spitzen

Frå toppen går egger mot nordaust og mot sørvest. Fjellet er for ein stor del bredekt, og eit skiområde på Hintertux-breen driv heile året, dersom snøtilhøva tillet det. Stolheisar og gondolar bygt på 1990-talet kan ta turistane heilt opp til 3 250 meter over havet.

Hovudtoppen av fjellet vart bestige fyrste gongen i 1867 av ein dokter Berreitter. To brør frå Salzburg, Max og Richard von Frey vart 7. september 1872 dei fyrste på sørtoppen av Gefrorene-Wand-Spitze.

Kjelder endre