Gennadij Tsygankov

Gennadij Tsygankov (16. august 194716. februar 2006) var ein russisk ishockeyspelar frå Vanino i Khabarovsk kraj. Perioden 1971-79 vann han fem VM-gull og to OL-gull for Sovjetunionen.

Gennadij Tsygankov


Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 16. august 1947
Vanino
Død 16. februar 2006 (58 år)
St. Petersburg
Idrett ishockey
Tok del i Vinter-OL 1976, Vinter-OL 1972
Utmerkingar Arbeidets røde fanes orden, Ærestegnets orden, «Arbeidets helt«-medaljen, Idrettens mester i Sovjetunionen

Forsvarsspelaren Tsygankov vart verdsmeister i 1971, 1973, 1974, 1978 og 1979. Både frå Vinter-OL 1972 og Vinter-OL 1976 reiste han heim som olympisk meister. I tillegg vann han to VM-sølv og ei VM-bronse.

Tsygankov spelte frå 1966 i to år på det nystarta ishockeylaget SKA Khabarovsk. Deretter gjorde han teneste i CSKA Moskva i tolv år. Med CSKA vann han åtte seriemeisterskap og to cupmeisterskap.

Kjelder

endre