Geologisk formasjon
Ein formasjon er ei geologisk eining som består av ei viss mengd sedimentære lag. Formasjonen er mogeleg å kartlegge og har ei øvre og nedre grense som er karakteriserte av endringar i samansetninga i laga. Tjukkleiken på formasjonane kan derfor variere mykje.
Konseptet med å dele inn fjell i lag og formasjonar høyrer til fagfeltet stratigrafi. Ein formasjon kan delast inn i medlemmar og er igjen gruppert i lag i grupper.
Kjelder
endre- Bryhni, Inge. (2009, 14. februar). Formasjon: geologi. I Store norske leksikon. Henta 19. november 2013 frå http://snl.no/formasjon%2Fgeologi.