Georges-Eugène Haussmann
Georges-Eugène Haussmann (utt. åsmˈan) (fødd 27. mars 1809 i Paris, død 11. januar 1891 i Paris), betre kjend som Baron Haussmann, var ein fransk ingeniør, kjend for å ha fått ansvaret for fornyinga av Paris under Napoleon III sitt keisardøme.
Georges-Eugène Haussmann | |||
| |||
Fødd | 27. mars 1809 Paris | ||
---|---|---|---|
Død | 11. januar 1891 Paris | ||
Tittel | Député de la Corse, Prefect of Seine, Second Empire senator, General secretary of prefecture of Vienne, sub-prefect of Yssingeaux, sub-prefect of Nérac, Sub-prefect of Saint-Girons, sub-prefect of Blaye, Prefecture advisor, Prefect of Gironde, Prefect of Var, Prefect of Yonne | ||
Alle titlar | baron | ||
Gravstad | Père Lachaise, Grave of Haussmann | ||
Land | Frankrike | ||
Ektefelle | Louise Octavie de Laharpe | ||
Barn | Valentine Haussmann | ||
Medlem | Académie des beaux-arts |
Haussmann blei fødd i 1809, utdanna seg til advokat, og blei i 1833 utnemnd til underprefekt, men missa stillinga i kjølvatnet av revolusjonen i 1848. Under Napoleon III si tid som president var han prefekt i tre departement, og blei i 1853 prefekt i Seine. Han fekk ein barontittel og plass i senatet frå 1857. Som prefekt i Seine fekk han i oppdrag å forherlege keisardømet gjennom ei fornying av Paris. Løysinga var monumental, og omdiskutert både i samtid og ettertid. I løpet av få år var byen fullstendig omskapt, med anlegg av stjerneplassar, og lange, rettlina boulevardar. For å få rom til desse endringane blei store delar av det gamle Paris rive, og Haussmann omtalte også seg sjølv som «nedrivingskunstar».[1] Som kompensasjon for alt rivingsarbeidet, blei den tillatne byggjehøgda heva til fem etasjar, attåt den karakteristiske kvistetasjen som pregar bybiletet i Paris. Det omfattande prosjektet førte til stor gjeld, som i sin tur gjorde leige- og levekostnadene i byen høge, og då Émile Ollivier blei statsminister i 1870 fekk Haussmann avskil som prefekt.
Kjelder
endre- «Georges-Eugène_Haussmann» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen inneheld utdrag frå Nordisk familjebok, eit svensk leksikon gjeve ut mellom 1904 og 1926 som i dag er offentleg eigedom. [1]
Fotnotar
endre- ↑ Thomas Krogh, Ragnhild Evang Reinton (2003). Historie, forståelse og fortolkning: De historisk-filosofiske fags fremvekst og arbeidsmåter (4 utg.). Gyldendal Norsk Forlag. s. 386. ISBN 978-82-05-31628-7.